Oddny

Oddny NO

Pop / Indie Pop
Med låtar som “Oktober, Bergen by”, “Barndomsmelodi” og “Bittelitt” har Oddny markert seg som eit vestnorsk unikum i norsk musikkliv. I tillegg til radiosuksess, ei rekkje utselde konsertar og ei stadig veksande fanskare mottok Oddny Luttprisen 2024 i kategorien Årets nykommar. I 2025 blei dei nominerte til hovudprisen. Oddny har utvikla ein heilt karakteristisk musikalsk sound som dei kombinerer med særeigne tekstar på dialekt. Dei har blitt kjent som eit framifrå liveband og i 2025 besøker Oddny eit drøss små og store scener og festivalar landet rundt! Bandet har musikalsk hovudkvarter i Gamlehuset i Bremanger, der dei i periodar bur og arbeider saman. Mykje av musikken blir spelt inn i dette huset, med trommis og produsent Oliver Igland bak spakane. Oddny gir ut på eige label, HotWater i samarbeid med MATE/The Orchard. Andre gode samarbeidspartnarar er Kai Worley (produsent), Øra Mastering og Standing Ovation. Oddny er i framovergir! Dei er utkvilte, bevepna med ferske plekter og har planane klare! Vil du vere med, så heng på! PS: Takk for at du høyrer på! <3 Mvh. Bartek, Oliver, Edvard og Iver
deezer
facebook
instagram
itunes
soundcloud
spotify
tiktok
youtube

Explore More

Browse Artists by Genre

Festivals by Genre